NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

Hopp til innhold

Siste nytt frå Møre og Romsdal

  • EM-sølv for Bjerkeli Grøvdal

    Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden fekk det nesten til å klaffe på 5000-meteren i EM i Roma.

    Nadioa Battocletti frå Italia tok gullet med ein sterk spurt på oppløpssida.

    Grøvdal løp offensivt og drog det meste av løpet.

    – Sølv i EM er jo fantastisk, men eg dro heile vegen. Og ho har ei toppfart eg ikkje har, sa Grøvdal etter løpet.

    – Det heldt ikkje hele vegen, men ho løp i praksis solo på 14.38, sa NRK-kommentator Jann Post.

    – Vi så på oppløpssida at Battocletti hadde mykje å gå med, sa ekspertkommentator Vebjørn Rodal.

    Kristine Eikrem Engeset (35) frå Ørsta blei nummer 14 med personleg rekord.

  • Sjå kveldens sending her

  • Pengedryss til gode tiltak

    Fire kommunar får til saman 14,3 millionar kroner frå fylket i tilskot for å styrke arbeidet med helse og livskvalitet. I Ulstein skal dei starte ein kafé drifta av ungdom for å hindre utanforskap. I Herøy skal dei starte ein småjobbsentral for ungdom som fell utanfor skule og arbeidsliv.I Haram går pengane til tiltak for at åttandeklassingane skal få ein god start på ungdomsskulen. I Ålesund skal dei styrke innsatsen mot elevar med framandspråkleg bakgrunn.

null
Spiller nå
Nyhetsoppsummering uke 23 01:34
Neste
Distriktsnyheter fra Møre og Romsdal.
Radiosendinger fra Møre og Romsdal