Sjå oversikta over fylke og kommunar

Kommune- og fylkesendringar

Dei seinare åra har vi hatt store endringar i fylkes- og kommunestrukturen i Noreg som følgje av kommune- og regionreform. Dei fleste endringane har skjedd ved kommune- og fylkessamanslåingar. To kommunar er blitt delte opp og slått saman med andre kommunar. I tillegg har det også førekome grensejusteringar, det vil seie at ein del av ein kommune er blitt lagt til ein nabokommune. For meir informasjon om kommune- eller regionreforma kan du lese nettsidene til regjeringa.

Kommune- og fylkesgrenser kan også bli endra på andre måtar enn ved reformer. Andre grenseendringar kan ha si årsak i endra vegstruktur, større utbyggingar i grenseområde eller i jordskiftesaker. Inndelingslova regulerer endringar på kommune- og fylkesgrenser, som også blir kalla administrative grenser.

Kor går grensa?

Kommune- og fylkesgrenser skal som ein hovudregel fylgje eigedomsgrensene. Kjelda vår til dei administrative grensene er difor det nasjonale eigedomsregisteret, matrikkelen. Ei eigedomsgrense som også er kommune- eller fylkesgrense, er omfatta av særskilde lover og prinsipp i tillegg til matrikkellova.

Kartverket har det mest samla grensearkivet med endringar og fastsetjingar av administrative grenser. For nokre jordskiftesaker kan arkivet vere ei kjelde til grensedokumentasjon.

Historiske grenser

Kanskje høyrte din eigedom til ein annan kommune før i tida? Med litt leiting kan ein finne administrative grenser på nokre av dei historiske karta. Historiske oversynskart over alle kommunane i Noreg kan nyttast for å sjå større endringar over tid.

Les om den historisk utviklinga av kommunestrukturen på nettsidene til regjeringa.

Statistisk sentralbyrå har utarbeidd ei historisk oversikt over endringar i kommune- og fylkesinndelinga (pdf).

Sjå kommunegrensene i kart

Kartverket forvaltar og formidlar data med kommune- og fylkesgrenser. Du kan sjå dei på norgeskart.no, eller laste ned illustrasjonskart. Er du meir interessert i detaljane på eigedomsgrensenivå, kan du sjå i Se eiendom.

Du kan sjølv laste ned og nytte geodata med kommunar og fylke om du har tilgang til eigna programvare og kart. Eller du kan nytte WMS-tenesta for administrative einingar til å syne grensene i lag med eigne data.