Molsheim er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 10 000 innbyggjarar.

Molsheim
Église des Jésuites i Molsheim.
Église des Jésuites i Molsheim.
Église des Jésuites i Molsheim.
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd 10,85 km²
Flatevidd
 - By

10,85 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 335
  860/km²
Koordinatar 48°33′N 07°30′E / 48.550°N 7.500°E / 48.550; 7.500
Høgd over havet 180 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 67120
Heimeside: www.mairie-molsheim.fr

Attraksjonar endre

Gamlebyen i Molsheim er godt bevart og inneheld mange gamle hus og bygningar med typisk alsasisk arkitektur. Dei mest kjende bygningane er Tour des Forgerons frå mellomalderen, Metzig frå renessansen, den barokke kyrkja Eglise des Jésuites, som er så stor at han kunne ha husa heile byen då han vart bygd, og den klassiske Hôtel de ville. Det tidlegare klosteret La Chartreuse, som delvis vart øydelagd under den franske revolusjonen husar i dag eit museum.

Økonomi endre

Molsheim er kjend som heimby for bilfabrikken Bugatti. Produksjonen av Bugatti Automobiles SAS vart starta opp att i Dorlisheim nær Molsheim i 2005.