Wikipedia:Samfunnshuset

Siste kommentar: for 21 timar sidan av Njardarlogar i emnet Referansar


Samfunnshuset
Ordskiftestaden for Nynorsk Wikipedia

>> Legg til nytt emne


I samfunnshuset samlar dei seg; storfolk og smått!

Emne endre

>> Legg til eit nytt emne
>> Kjellaren, arkiv over eldre diskusjonar

Framlegg: Slå på sandkasselenkje i brukarmenyen endre

Hei! På bokmålswikipedia har me ei ekstra lenkje blant brukarverktøya (under «personikonet» i Vector-2022 eller blant lenkjene øvst til høgre, med brukarnamnet, i gamle Vector) som går til ei personleg sandkasse for kvar brukar (under Brukar:<Brukarnamn>/sandkasse). Når Wikimedia Noreg held kurs (som til dømes det som vert nemnt i tråden over her) hadde det vore kjekt om dette var likt på bokmåls- og nynorskwikipedia, så det er enklare å vise kursdeltakarar korleis dei kan laga ei eiga sandkasse. Så eg vil føreslå å aktivera denne funksjonen her på nynorskwikipedia òg. Er det nokre motførestillingar? Jon Harald Søby (diskusjon) 4. mars 2024 kl. 12:55 (CET)Svar

Eg trur ikkje nokon vil ha noko imot det. Så berre skru på! Ranveig (diskusjon) 4. mars 2024 kl. 13:09 (CET)Svar
No er det slått på. 👍 Jon Harald Søby (diskusjon) 11. mars 2024 kl. 14:51 (CET)Svar

Report of the U4C Charter ratification and U4C Call for Candidates now available endre

You can find this message translated into additional languages on Meta-wiki. Hjelp til med å setja om til ditt språk

Hello all,

I am writing to you today with two important pieces of information. First, the report of the comments from the Universal Code of Conduct Coordinating Committee (U4C) Charter ratification is now available. Secondly, the call for candidates for the U4C is open now through April 1, 2024.

The Universal Code of Conduct Coordinating Committee (U4C) is a global group dedicated to providing an equitable and consistent implementation of the UCoC. Community members are invited to submit their applications for the U4C. For more information and the responsibilities of the U4C, please review the U4C Charter.

Per the charter, there are 16 seats on the U4C: eight community-at-large seats and eight regional seats to ensure the U4C represents the diversity of the movement.

Read more and submit your application on Meta-wiki.

On behalf of the UCoC project team,

RamzyM (WMF) 5. mars 2024 kl. 17:25 (CET)Svar

Nyhetsbrev nr. 28 fra Wikimedia Norge endre

Jon Harald Søby (WMNO) 6. mars 2024 kl. 08:39 (CET)Svar

Wikimedia Foundation Board of Trustees 2024 Selection endre

You can find this message translated into additional languages on Meta-wiki.

Dear all,

This year, the term of 4 (four) Community- and Affiliate-selected Trustees on the Wikimedia Foundation Board of Trustees will come to an end [1]. The Board invites the whole movement to participate in this year’s selection process and vote to fill those seats.

The Elections Committee will oversee this process with support from Foundation staff [2]. The Board Governance Committee created a Board Selection Working Group from Trustees who cannot be candidates in the 2024 community- and affiliate-selected trustee selection process composed of Dariusz Jemielniak, Nataliia Tymkiv, Esra'a Al Shafei, Kathy Collins, and Shani Evenstein Sigalov [3]. The group is tasked with providing Board oversight for the 2024 trustee selection process, and for keeping the Board informed. More details on the roles of the Elections Committee, Board, and staff are here [4].

Here are the key planned dates:

  • May 2024: Call for candidates and call for questions
  • June 2024: Affiliates vote to shortlist 12 candidates (no shortlisting if 15 or less candidates apply) [5]
  • June-August 2024: Campaign period
  • End of August / beginning of September 2024: Two-week community voting period
  • October–November 2024: Background check of selected candidates
  • Board's Meeting in December 2024: New trustees seated

Learn more about the 2024 selection process - including the detailed timeline, the candidacy process, the campaign rules, and the voter eligibility criteria - on this Meta-wiki page, and make your plan.

Election Volunteers

Another way to be involved with the 2024 selection process is to be an Election Volunteer. Election Volunteers are a bridge between the Elections Committee and their respective community. They help ensure their community is represented and mobilize them to vote. Learn more about the program and how to join on this Meta-wiki page.

Best regards,

Dariusz Jemielniak (Governance Committee Chair, Board Selection Working Group)

[1] https://meta.wikimedia.org/wiki/Special:MyLanguage/Wikimedia_Foundation_elections/2021/Results#Elected

[2] https://foundation.wikimedia.org/wiki/Committee:Elections_Committee_Charter

[3] https://foundation.wikimedia.org/wiki/Minutes:2023-08-15#Governance_Committee

[4] https://meta.wikimedia.org/wiki/Wikimedia_Foundation_elections_committee/Roles

[5] Even though the ideal number is 12 candidates for 4 open seats, the shortlisting process will be triggered if there are more than 15 candidates because the 1-3 candidates that are removed might feel ostracized and it would be a lot of work for affiliates to carry out the shortlisting process to only eliminate 1-3 candidates from the candidate list.

MPossoupe_(WMF)12. mars 2024 kl. 20:57 (CET)Svar

Denne wikien vil snart være skrivebeskyttet endre

Trizek (WMF), 15. mars 2024 kl. 01:01 (CET)Svar

Månadens konkurranse endre

Hei igjen! På bokmålswikipedia køyrer vi eit banner for å «reklamera» for månadens konkurranse no i mars (kvinner i raudt), som jo òg gjeld på nynorskwikipedia. Kunne vi ha køyrd eit tilsvarande banner her fram til slutten av månaden?

Banneret, omset til nynorsk av meg (rett gjerne i det):

Banneret blir berre vist til innlogga brukarar. Jon Harald Søby (WMNO) (diskusjon) 19. mars 2024 kl. 09:10 (CET)Svar

Eg er ikkje så begeistra for slike banner, og det spørst om det er mange interesserte som er innlogga her som ikkje veit om konkurransen - men det er kanskje verdt eit forsøk ut månaden, det kan hende eg tar feil! Ranveig (diskusjon) 20. mars 2024 kl. 17:51 (CET)Svar
Eg likar heller ikkje slike banner. ~~~ Sigmundg (diskusjon) 31. mars 2024 kl. 14:38 (CEST)Svar

Bilete frå bøker endre

Kor gamal må ei bok vera for at ein kan lasta opp eit bilete frå ho? Sigmundg (diskusjon) 31. mars 2024 kl. 14:36 (CEST)Svar

@Sigmundg: Alderen på boka er eigentleg ikkje så relevant. Det som er viktigast er når den som tok/teikna biletet døydde. I hovudsak er regelen at opphavspersonen må ha vore daud i 70 år før verka hens fell i det fri. Og så kan det sjølvsagt vere ein annan opphavperson for eit bilete som er brukt i ei bok enn for teksten i boka. Kva for ei bok er det snakk om? Jon Harald Søby (diskusjon) 4. april 2024 kl. 15:55 (CEST)Svar
Det er ikkje ei bestemt bok eg tenkte på. ~~~ Sigmundg (diskusjon) 4. april 2024 kl. 18:46 (CEST)Svar

Innbyggartal i endring endre

Eg har lagt merke til ein del utdaterte innbyggartal i ymse artiklar, ofte ulikt det talet som er i geoboksen. Skulle det vore fornuftig å ha ein mal i sjølve wikiteksten som hentar innbyggartalet frå Wikidata, slik at talet i geoboksen og teksten samsvarer? Det er elles tungvint å stadig måtte endra utdaterte innbyggartal i dei mange artiklane.

Innvendingar?

Mvh HerVal7752 (diskusjon) 12. april 2024 kl. 18:01 (CEST)Svar

Eg er ikkje overtydd om at det er ei stor betring. Slike tal bør koma med årstal (i parentes eller liknande), og so lenge folketalet har eit årstal tenkjer eg at det ikkje er so viktig at det er det nyaste. Vidare er det slik at om folketalet har endra seg mykje, har gjerne emnet endra seg mykje òg. Resten av artikkelen er då gjerne utdatert sjølv om folketalet er oppdatert.
Dette er òg eit problem som gjeld ved automatisk oppdatert informasjon infoboksen, der infoboksen kan skildra ein heilt annan røyndom enn det artikkelteksten gjer etter kvart som tida går, men eg tenkjer det er meir naturleg å sjå på artikkeltekst og infoboks som to åtskilde einingar, og at me potensielt har meir kontroll på at me får med årstal og liknande i infoboksen. --Njardarlogar (ordskifte) 12. april 2024 kl. 19:47 (CEST)Svar
Hei, ja eg er einig i at ein må sjå på heilskapen i artikkelane, utdatert tekst må absolutt oppdaterast, men det er ein del artiklar... (og det er ikkje berre geografiartiklar som treng oppdatering). Somme artiklar kan visa innbyggartal tilbake til 2004 (t.d. Guangzhou). To ulike innbyggartal i same artikkel kan verka forvirrande/tullete (t.d. Guangzhou, 6,6 millionar i 2004 i teksten, 14,9 millionar i 2018 i infoboksen), og sjølv om innbyggartalet er ein liten del av problemet vil det likevel delvis betra tekstens relevans – i kvartfall mellombels fram til artikkelen vert oppdatert. HerVal7752 (diskusjon) 12. april 2024 kl. 20:48 (CEST)Svar
Nett no har me ein mal, Mal:Beftett, som står i artikkelteksten til nokre tidlegare tettstader og opplyser om at dei har 0 innbyggjarar. Det går kanskje an å laga ei spørjing som alltid viser gode tal med årstal og kjelder, men Wikidata varierer så mykje at det etter mi meining er best om ein person står god for sjølve artikkelteksten. Det er mogleg det går an å forklara dei store variasjonane du nemner ved at ein viser til ulike definisjonar av ein busetnad (som bygrenser, storbyområda o.l.). Folketalsutvikling over tid er også ein god idé, så lenge det blir vist på ein måte som er lett å forstå. Igjen er det ikkje sikkert at Wikidata alltid gjev dette. Kanskje best å berre merka slike artiklar med at dei treng oppdatering eller opprydding, så nokon kan ta seg tid med å gå gjennom dei. Ranveig (diskusjon) 13. april 2024 kl. 09:01 (CEST)Svar

Referansar endre

Det er fleire her på WP som ikkje har naudsynt akademisk røynsle til å referera rett til kjelder. Når ein skriv "...som vist i [3]..." les ein det som "som vist i ref. 3" og så klikkar ein på [3] og finn kjelda det blir synt til. Å føre opp patentnummeret i teksten er rotete og har inga hensikt, etter som det står i referanselista. Dessutan er US patentnummer 6-sifra, og skal skrivast med eit komma midt i. Å læra å referera rett er noko så godt som alle bachelorstudentar strevar med, så om vi gjer det rett her på WP kan kanskje ein og annan studenten dra nytte av det. Sigmundg (diskusjon) 15. april 2024 kl. 15:44 (CEST)Svar

Etter det eg har fått med meg er det ikkje vanleg på Wikipedia å nemna kjeldernummeret i teksten på ein slik måte; då kan ein like gjerne nytta namnet på kjelda. Om det er dette det gjeld, so skal kjelda til ein illustrasjon finnast på filsida, og då er ikkje ei kjelde i biletteksten naudsynt. --Njardarlogar (ordskifte) 15. april 2024 kl. 18:16 (CEST)Svar